© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Spilletid: 1t 37 min. Produsert: Cuba, 1968. Originaltittel: Memorias de subdesarollo. Regi: Tomás Gutiérrez Alea. Tale: Spansk. Undertekst: Engelsk. Aldersgrense: 15 år. Visningsformat: DCP.
Cubas beste film?
Dette er eit samtidsdrama om ein ung, borgarleg, politisk uinteressert liksom-intellektuell på Cuba, i dei tidlege åra av Castro-regimet. All slekt og heile omgangskrinsen, inkludert kona/eks-kona hans, har stukke av til Miami, og han sit i leilegheita si og ser Havana endre seg, medan han sjølv misser interessen meir og meir. Han legg ikkje merke til at Havana går gjennom ei negativ utvikling, og for å få tida til å gå, skriv han sine memoirer, og er på konstant utkikk etter unge jenter på gata.
Denne prosessen skildrar regissør Alea med ei blanding av dokumentariske innslag, mellom anna frå Cuba-krisa og invasjonen i Grisebukta, og surrealisme. Filmen vert ofte sett på som den beste cubanske filmen nokon sinne, og er ein milepæl i latinamerikansk filmproduksjon.
Restaurert av Cineteca di Bologna ved L'Immagine Ritrovata-laboratoriet i samarbeid med Instituto Cubano del Arte e Industria Cinematograficos (ICAIC). Restaureringen er finansiert av Hobson/Lucas Family Foundation og The Film Foundations World Cinema Project.